tirsdag, oktober 25, 2005

Meir hat

Eg kjenner er har byrja å hate igjen. Det er jo som kjent for lite hat i verda, difor er det viktig at nokon tek seg av den hatske biten. Det er ei frase på engelsk som seier dette på ein fin måte: "It's a dirty job, but somebody has got to do it." På morsmålet tydar dette: "Det er ein urein jobb, men nokon må likevel gjere han". Og det er nett det eg gjer, eg gjer min del av jobben. Eg hatar. Litt meir intenst enn vanleg. Nett no. Intenst. Og det er ikkje kva som helst hatet går ut over. Sett bort i frå skule og mi eiga evneveike, så er det regnet. Eg har hata det før og eg gjer det igjen. Intenst. Å kor eg hatar det. Intenst. Det skal ingen veg, har inga retning, manglar totalt mål. Det berre kjem og fell rett ned. Det kjem ikkje i frå noko særskilt stad heller. Det er det som gjer det heile så håplaust. Ovanfrå kjem det. Ingen motivasjon heller. Det berre kjem. Intenst. Hat. Det gjer meg blaut. Fuktig. Intenst hat. Og så er det så uendeleg treffsikkert. Det hendar ikkje ein gong at det regnar og at eg unngår å bli truffen. Eit inderleg hat som er uendeleg intenst. Eg er makteslaus. Noko som ikkje har opphav, ikkje skal nokon stad, ikkje vil noko og likevel treff meg med aquatisk presisjon. Hat. Med på laget har regnet vinden. Det er ein annan historie og ein litt annan form for hat. Får heller ta det ved ein passande annledning.

I mangel på ein hatsk illustrasjon, vektlegg eg det igjen; eg hatar regnet.

8 Kommentarar:

Blogger Aspis said...

Regn er jo digg! Iallfall sånn massivt regn - ikkje pingleregn. Det er forresten då du kan grina uten at nokon ser det. Ikkje at eg gjer det.. det er kje det eg seier.

Ta med deg ein portabel musikkavspelingsdings, så er det jo akkurat som ein musikkvideo! (:

26 oktober, 2005 16:16  
Blogger Kristian said...

Ahhh....ingenting e som å sidda me pibo å bare hata....

26 oktober, 2005 22:30  
Blogger 15. Johannessen said...

Kristian, min ven! Pipa, som ein gong var noko ein forsegla fred med, nørar opp under hatet, gjer det sterkare, intenst!

29 oktober, 2005 09:44  
Blogger Erlend said...

Heisann... ja eg e ein ukjent bloggar, og eg skylde på at eg e nokså fersk :)
men eg må jo sei at e det ein ting e mislike med Bergen så e det det pokkers regnet.. (eg hate ikkje.. eg vil men får d kje te)
e så elendig sted å legga en fin by. midt onna ei permanent regnsky. eg håbe bare Olav Kyrre tar masse selvkritikk i gravå si. Vattnisse!

Forresten fint at du lar følelsene få fritt utløp i bloggen din Steinar!:D
Snakkes på lesesal på onsdag.. e i sandnes og lese et par dager før eg retunere te BErgen ikledd fullt regntøy

30 oktober, 2005 17:45  
Anonymous Anonym said...

Thank you!
[url=http://esdtuhki.com/ejbt/clxm.html]My homepage[/url] | [url=http://mqhzbctg.com/pigc/jlws.html]Cool site[/url]

18 juli, 2006 13:36  
Anonymous Anonym said...

Good design!
My homepage | Please visit

18 juli, 2006 13:37  
Anonymous Anonym said...

Great work!
http://esdtuhki.com/ejbt/clxm.html | http://mavajbmn.com/coly/ldue.html

18 juli, 2006 13:40  
Anonymous Anonym said...

Great work!
http://esdtuhki.com/ejbt/clxm.html | http://mavajbmn.com/coly/ldue.html

18 juli, 2006 13:42  

Legg inn en kommentar

<< Home