søndag, juli 17, 2005

Hat

Eg hatar regn! Eg hatar regn. Eg hatar det. Kvifor?

Det er sundag. Vekkerklokka var sett til å lage lydar kl 1000. Ikkje for at eg skulle gå i kyrkja (hadde det no berre vore så vel), men for at eg skulle spele beach. Beachvolleyball. Det er kjempe kjekt. Det var opplett, men overskya då eg stod opp. Etter eg hadde fått i meg litt mat byrja det å dryppe. Eg nekta å gje etter. Jon blei plukka opp. Saman konstaterte vi at værforholda var dårlege. Eg frykta den som alltid negative Hr. Bakke sin reaksjon. Den lot ikkje vente på seg. Han sa ingenting då vi henta han. Ord ville berre vore overflødige. Saman sette vi kursen for orre og Vik håla. Der er det alltid fint vær. Etter omlag 11 kjøyrde kilometer sprekk Bakke. "Det er ingen plass eg kunne tenkt meg mindre å vore enn på eg til Orre". Vo blir samde om at vi skal høyre med fjerde mann. Han er einig. Vi avlysar. Eg blir sur. Inneslutta. Bitter. Grinete. Ilter. Irritert. Oppgitt. Fortvila. Eg hatar regn. Regnet er noko eg hatar.

På lørdagskvleden hadde eg sett hardt mot hardt. Beach vs. Bryne - Stabæk. Eg valde Beach og sa ja til å bytte ei dag vakt med ei kvelds vakt. Alt gjekk i dass. Eg sit igjen med svarteper. Per er ein dust. For ein idiot (det har ingengting med fargen å gjera).

Vi talast. Eg skal jobbe i staden for å sjå Bryne spela mot Stabæk.

6 Kommentarar:

Anonymous Anonym said...

Då gjer du iallefall smart i å flytte til Bergen! Her er vettet i førersetet ja.....

25 juli, 2005 21:29  
Blogger 15. Johannessen said...

Bra observert. Eg haldt på å utelukke heile turen grunna det. Uansett er det lov å flytte meir enn ein gong i året.

29 juli, 2005 11:43  
Blogger Aspis said...

hehehe ^^

Viss kjernen i posten var at du hatar regn, så må eg sei meg usamd i mange situasjonar.

Men det gjeld ikkje for pingleregn eller dei få gongene beachvolley er planlagt.

Likevel, å gå ute når det regner tungt og massivt.. Det er tøft. (Og nesten som ein musikkvideo)

Legg merke til fin bruk av avsnitt.

Asbjørn.

27 august, 2005 02:21  
Anonymous Anonym said...

Nice site!
[url=http://kghqtcea.com/lzek/mxmj.html]My homepage[/url] | [url=http://lemoxebm.com/ftda/qvzc.html]Cool site[/url]

13 november, 2006 08:42  
Anonymous Anonym said...

Thank you!
My homepage | Please visit

13 november, 2006 08:42  
Anonymous Anonym said...

Nice site!
http://kghqtcea.com/lzek/mxmj.html | http://augayvbr.com/hdhf/iwbi.html

13 november, 2006 08:42  

Legg inn en kommentar

<< Home