søndag, oktober 16, 2005

Eit nasalt tilfelle

Her kjem ei middagsbords anekdote. Det er ei slik historie ein truleg ville fortalt foreldrene sine rundt middags bordet, og som resten av verden ikkje ville ha fått høyre av di det ikkje er drepande spennande. Men litt fasinerande er det dog.

I dag var det fint vær. Sol og ingenting regn. Tørt var det. Det er einetydande med at eg tar turen ut. Då dei siste dagane har vore svært kalde, og dei økonomiske krumspringa har hatt ein tendens til å bli store, lot eg gitaren stå heime og colaen får være i fred. I og med at det var søndag og eg hadde ein heil dag, tok eg mål av med å vandre på Fløyfjellet. I mangel på tur-klær (som er eit must dersom ein skal nyte naturen) droppa eg vandringa og tok Fløybanen til toppen. Stod i køi 20 min for å få ta banen. På toppen møtte eg eit lass, med folk, eit lass. Og eg som "was looking for solitude". Nedtur.
Eg kjende det stramma seg rundt halsen, eg byrja å svette. Dumme folk. Hald dykk borte. Eg gjekk i kø i ti min før eg tok ei skjebnesvanger avgjersle. Håplaust lei av alle folka skar eg rett ut or stien og gjøyv opp ei fjell side. Eg hadde solid såvesveis då eg sto opp, av den grunn hadde eg på meg ei solid hue, noko eg no angra på. Eg perspirete. Så det holdt. Fann meg til slutt ein topp og flekka det som var å flekke. Meg og naturen. Fint det. Ja overkroppen er det då eg talar om. Etter ein liten realitetskontroll tok eg på tskjorta igjen. I og med at verken colaen eller gitaren var med, pakka eg Eddi og fyret opp. Hadde ikkje før tatt tretten trekk før eg høyre røyster som var unaturleg nære.


Det viste seg at eg ikkje hadde funne ein øyde topp, men ein knaus med sti til, berre at den var på motasatt av der eg hadde gått opp. Fransk. Det var det dei tala. Eg liker fransk. Eg forstrå ein del. Dei var sju stk. Seks jenter og ein forvirra gut. Dei kvitra og kakla om sitt, heilt til dei såg meg. Eg var jo sikker på at som gode europearar snur dei no. Men nei. Dei slo seg ned. Fem meter i frå meg. "Que fume-t-il ?" "Une pipe, je pense". "Herbe?" "Je ne sais pas". Eg flira inni meg. Denne situasjonen er festeleg tenkte eg. Plutseleg spurte den eine jeta (ei litt framfusen ei): "Are you smoking weed?" Hoy, vel-vel-vel, rett på sak tenkte eg medan eg svara så godt eg kunne; "No." Så sat eg berre der, høyra på at dei tala om alt i frå gothmetall, via beatles til at Bono var ein kjekk mann. Festeleg når folk ikkje veit at ein forstår kva som blir sagt. Plutseleg byrja ei av jentene å klatra i trea. Underleg. Ho fekk entusisatiske til rop frå vennindene sine. Kanskje dei ikkje har trær der dei kjem i frå? "Skogs jenta!". Ei anna banna og klaga ovar at ho var blitt blaut i bakenden.

Det verka som om den framfusen jenta ville tale meir engelsk. Ho sang små fraser frå engelske sangar heile tida. Eddi og meg passa våre eigne saker. Så skjer det som skjer når ein er ein levande turist attraksjon. Spørsmåla kom, fleire turde å kaste seg på med strykande engelsk og igjen måtte eg nytte meg av smilet og nikkinga. Joda, dei var i frå Paris, studerte nok kunstgreier, budde på Fantoft, reiste om ti dagar, Noreg er dyrt, naturen finare enn i Frankrike, vinen var dyr, tobakken likeså, og det var bittert at ein ikkje kunne røykje inne på kafeear. Og så fyra den framfusnen jenta opp litt papir ho hadde ein anstendig samling med gras i. Lukta litt rart, slik som det ofte gjer. Det var vanskeleg å få tak i slikt i noreg, lettare i Paris.

Så gadd dei ikkje meir. Lat oss ta ein kaffi sa dei til kvarandere, medan alle høfleg sa goodbye, see you, thank you, yes. Så satt eg der. Då gjekk det opp for meg kor fantastisk tyssnaden er. Trur eg må slenge kjenslene min om tyssnad ned på tastaturet ein annan dag.

4 Kommentarar:

Anonymous Anonym said...

Hei Steinar! Du skriver så mye morsomt. Ikke ofte jeg er her...men litt av og til! Alt bra med deg? Tenker på deg av og til vet du:) Du møter endel turister forstår jeg...:) du kunne jo bare sagt at det var weed og sett reaksjonen???:) kanskje fikk du nye venner??:)SToor klem, Kristin

26 oktober, 2005 19:02  
Blogger 15. Johannessen said...

Uendeleg kjeke med kommentar frå deg! Tenkjer på deg med jamne mellomrom eg og! Ikkje reis til Wiik i jula, vi må treffast!

27 oktober, 2005 10:01  
Anonymous Anonym said...

Thank you!
[url=http://mwrwzedk.com/wnqx/yjiy.html]My homepage[/url] | [url=http://txnnqhxf.com/osfe/qjyz.html]Cool site[/url]

04 august, 2006 08:13  
Anonymous Anonym said...

Thank you!
http://mwrwzedk.com/wnqx/yjiy.html | http://mlqngnpz.com/otow/amis.html

04 august, 2006 08:13  

Legg inn en kommentar

<< Home