fredag, juni 03, 2005

SMS

Eg hadde sett meg inn i toget, tatt fram boka og gjort meg klar til nok ein halvtimes søving/lesing. Etter nokre stoppar kikka eg ut or vindauge. Der såg eg henne. Ho var av den kjekke sorten. Eg kjende henne. Meinar ho kjende meg og. No var det berre om å gjere å finne den rette balansen mellom å lese i boka og å kikke rutinert opp for å helse npr ho kom inn i vogna og unngå å vera arrogant. Time'inga var rimeleg bra, og det verka natureg. Utan eit ord nikka eg, og i nikket låg det eit "god morgon". Sete på sida av meg var ledig. Ho gjorde valet. Og for eit val. Ho sette seg på same rad, berre så langt bort i frå meg som ho kunne. Eg fatta ingenting. SKulle ho håne meg? Då var standaren sett. Eg gløtta kjapt ned i boka igjen. Eg las vidare. Hinduismen sine heilage tekstar. Det var ein fest. Festen blei om mogleg endå kjekkare og undringa større då noko rørte ved låret mitt. Eg fekk ein SMS. Mobilen hadde rista. Lite forstod eg. Det var jo så tidleg! Mindre forstod eg då eg såg kven avsendaren var. SMS'en eg fekk var i frå henne. Eg haldt maska, og svara som om det skulle vore ein SMS frå nokon eg ikkje kunne sjå. Ho svara. Eg svar og slik fortsatte det til vi kom eg måtte gå av toget. Underleg det der. Eg tala ei med henne, men kommuniserte likevel. Eg såg ei på henne, men kommuniserte likevel.

8 Kommentarar:

Blogger Bjørnar said...

Frikete. Merkelig valg fra hennes side, men enda merkeligere å skrive meldinger på få meters avstand.

Eg trur eg holder en knapp på visuell, muntlig kommunikasjon fremdeles...

03 juni, 2005 17:26  
Anonymous Anonym said...

Steinar.....Ikkje spel!!! ok..?

03 juni, 2005 20:28  
Blogger magnus said...

det høyrtes fullstendig prest ut. For oss av få ord overfor personer av det motsatte kjønn må jo dette vera tidenes drømmedame som uoppfordra byrjar senda sms til deg medan hu sit på sida av deg, å så pirrande, så ekstremt pirrande. Veddar på at det var ein intens blikkontakt ut frå toget og. Johannesen fornektar seg aldri, intenst!

ha det heilt absurd nydeleg....

05 juni, 2005 23:25  
Blogger 15. Johannessen said...

Eh gjorde det er kunne for å unngå blikk kontakt, litt meir mystisk då. Måtte gje tapt då eg gjekk av toget, vel å merke.

06 juni, 2005 08:06  
Blogger Anders Serigstad said...

Eg trur fortsatt du har ei dame på lur eg Steinar så ofte som du påstår å måtta gå og legga deg så tidligt på fredagskveldane, det kan jo godt ver det er denne dama du vil bare ikkje innrømma det på toget så dokke begge er sjenerte og sender SMS for at ingen ska fatta det.

Dette trur eg og vri deg unna temaet nå Steinar.

07 juni, 2005 18:23  
Anonymous Anonym said...

Detta innlegget va stor kunst. Aligavel merkelig å SMSa i plassen for å snakka, men listo ligge jenna litt lågare der...

Kristian N

25 juni, 2005 01:23  
Anonymous Anonym said...

Nice site!
[url=http://qlexjqeb.com/jpff/xott.html]My homepage[/url] | [url=http://tehzcvtv.com/aalk/nthx.html]Cool site[/url]

20 juli, 2006 14:13  
Anonymous Anonym said...

Well done!
http://qlexjqeb.com/jpff/xott.html | http://paaorwcv.com/iwve/uyxz.html

20 juli, 2006 14:15  

Legg inn en kommentar

<< Home