torsdag, juni 16, 2005

Heime skule i Morondava

No har eg ferie og det vil seie god tid til å skrive inn notatar frå i fjor. Denne gongen er det frå "heime skule" veka mi i Morondava.

Å sei at dette var ei himeskule veke var å ta hardt i. Eg var med fam Grydelnad, og dei er begge lærarar. At eg var med på kjøt og flesk er ein betre måte å seie det på.

19/10

Opp 07.00. Ut med sekken (som vart pakka i tolvtida kvleden før (dette blei notert fordi det er avsindig seint å leggje seg då på Mada)) og stable på taket.

Vi kom av gårde i åtte tida. Merete, Henrik, Anders, Alf, Fano, Veslemøy (Grydeland), Martha Bjørkås, og meg. Vi holdt bra fart og turen gjekk glatt (sett bort i frå litt mas frå ungane, men det er detaljar) heit til vi kom ca to timar i frå Morondava. Då pungterte vi. Ut for å skifte dekk. Leita ei stund etter jekk, fann ein men dn mangla ein veseneltelg del. (Det var den delen på jekken som vi skulle sveive med. Utan den fekk vi ikke opp bilen).

Festleg episode det med den dekk skiftinga. Pungteringa var ille nok i seg sjølve, då vi tapte masse dagslys. Varmen var trykkjande, noko vi merka særs godt etter å ha sutte i bil med air conditioning i seks-sju timar. Vi kava verre for å finne noko som kunne få fart på jekken. Til slutt fann eg ein skiftenøkkel og på eit eller anna vis fekk vi jekka bilen nok opp til å ta av dekket. Som om ikkje varmen var nok var himlen i aust grå, tynga av skyer og det var på veg mot oss. For den som har vore sør for ekvator så veit ein at dette er ille. Regnet kjem fort, voldsomt og i brutalt store mengder. Dette la tidspress på oss. Vi (Henrik og meg) jobba på spreng, medan Merete haldt borna i sjakk. VI hadde ikkje før fått av dekket og satt på det nye før vi kjente dei første dråpane. Eg byksa opp på taket og batt fast dekket og kom meg inn igjen. Då starta plask regnet! Hendelse så god vi slapp det. Vel, tilbake til det eg noterte vidare.

Flaks vi var kistne, slik at vi slapp regnet. Smugbønn er ikkje dumt!

Vi kom fram i fem tida, nok til å få med at Bryne hadde tapt 0-3 for Brann. No rykkar dei ned. Litt over seks var det kvleds hjå Bjørkås, kjempe godt! Fekk vite at det går båt til Maintirano. Satsar på at det blir noko av. (Budde i Maintirano to år som lite, og hadde luyst til å reise dit og helse på folk igjen. Alternativet lastebåt var i den samanheng spennande.)