onsdag, juni 29, 2005

Verdas navle

Ofte uttalar eg meg negativt om stader og seier: "Det er ikkje akkurat verdas navle!". Vel, eg har no funne verdas navle!

Staden ligg ikkje så langt i frå Bryne 20-25 min kjøyring på gode breie vegar, med romslege fartsgrenser. Vegen dit er ei nyting, anna kan ein ikkje seie. Staden eg talar om er naurlegvis Ålgård.

Denne tettstaden er svært lett tilgjengeleg med kollektivtransport og har alt ein kan drøyme om. Badebasseng, bustikkar, fotballbane, tettbyggd sentrum og god handlegate. Det beste av alt er at det er så mange fine bygningar i sentrum. Staden er bort i mot blotta for industri og institusjonar, dette er "by" planleggjing på høgt nivå. Det berre osar av at det er eliten av arkitektar i noreg som har boltra seg på denne staden på Jæren. Vegane rund i sentrum er mange og breie, veldig kjekke å kjøyre.

Nei i det heile er Ålgård ikkje mindre enn fantastisk. Eg vil bu der, slå meg ned der, få meg fast jobb der, gifte meg der oa aldri flytte der i frå! Gjer sommeg, ta turen til Ålgård.

4 Kommentarar:

Blogger Pappa Karlsen said...

Hahahaha!! Ja eg tog ann!! Goe!! Heilt enige trur ikkje dæ finns en styggare plass enn Ålgård. Trur dæ æ den siste plassen i verden eg sko budd, tett ittefølgt av Lye. Koss går dæ mæ rompevaskingå foresten?

30 juni, 2005 00:27  
Anonymous Anonym said...

Steinar, du må jo ikkje glømme dei fantastiske julelysa på lyktestolpane:-)

mvh
Tom Rune

30 juni, 2005 12:27  
Anonymous Anonym said...

Nice site!
[url=http://hhyffpxh.com/wclk/zdbi.html]My homepage[/url] | [url=http://hzjtelfn.com/otdv/eojj.html]Cool site[/url]

21 juli, 2006 14:22  
Anonymous Anonym said...

Well done!
http://hhyffpxh.com/wclk/zdbi.html | http://ujgdmeev.com/favw/xjcj.html

21 juli, 2006 14:22  

Legg inn en kommentar

<< Home