mandag, juni 20, 2005

Dag to: Morondava

20/10
Vakna til lyden av ungar, tidleg på morgongn ein gong. Frukost, så var det ”skule”. Brødrene Grydeland krangla som alltid (alltid er å ta hardt i, men dei var flinke til å fyre kvarandre opp). Etter ei stund bar det til stranda. Fantastisk! 35 grader i skuggen (ikkje så gunstig for skule og i alle fall ikkje inne…) og rundt 30 i vatnet. Var innom havna og undersøkte litt om Mantirano turen, men fann ut lite. Fekk kjøpt ein del nyttige ting; t.d. lamba (eigentleg eit lendeklede, men er fantastisk til det meste), postkort, såpe og Socolait (skukker mjølk).

Etter middag var det kaffi hjå Bjørkås. Den var avslutta med misjønær-sladder (dei er menneske dei og, så baktaling førekjem), noko eg set svært lite pris på. Må seie i frå ein gong, men er vel ikkje alltid så mykje betre sjølve

På stranda svei eg ryggen kraftig. Voldsomt. No gjenstår det å sjå om eg får sove…