torsdag, juni 23, 2005

Vankunna sitt fullstendige kaos

Det er mange som kavar fortvila og hjelpelaust rundt i vankkunna sitt fullstendige kaos. Den vankunna eg oppdaga i dag er så grov at eg vil kommentere det på verdsveven.

Eg vakna og skulle ete frukost. I og med at ingen adre var i huset, leita eg etter noko adekvat frukost lektyre. Det eg fann var Bryne magasinet. I utgongspunktet ikkje eit så prestisjetungt blad, men det eg las var graverande. Artikkelen om Bryne sin spiss Paul Oyuga såg for meg ut til å vera interessant. SÅ byrja eg å lese. Forfattaren kava i i kaoset som opp står i fraværet av kunne. Vedkommande blanda nynorsk og bokmål til den store medaljen. Tydlegvis var dette eit intervju som var gjort på engelsk, noko setningane bar kraftig preg av. Flyten var totalt fråverande. Ok, dette er kanskje litt pirkete og unødvendig å henge seg opp i, vil folk seie. Ja, det er det nok men det heile toppa seg då eg las følgjande:

"Hvordan er det og vokse opp i Kenya, må dere for eksempel gå langt for å hente vann?"


HEDELSE! Kva er det for eit spørsmål? Og kvi for i all verden trykkjer ein det når Mr. Oyuga svarar:

"Selv har jeg ikke gått etter vann, men i de områdene....bla, bla, bla."


Eg gjer Mr. Pyuga kreditt for å svare venleg på eit slik spørsmål.

Likevel er eg rysta over at ein vaksen person på godt over 30 kan stille slike spørsmål. Kor navlebeskuande og sjølvsentert går det an å bli? Er alt anna enn Bryne og fotball laget der i frå totalt uinteressant?!

Eg har funne ut at visse formar for kunne må ein ha i dagens globaliserte verd.

1. Namn på ti land i kva verds del
2. Hovudstaden på halvparten (litt drygt; kanskje på tre i kvar verds del...)
3. Kvar tre av landa i kvart kontinet litt på kartet
4. Språket i 50% av landa ein nemde på pungt 1
5. Generell kunne om kolonialiseringa av den "tredje verda".

Kunne hatt fleire punkt, men det for halde for no.

1 Kommentarar:

Blogger magnus said...

fy flaten ja, kjenne eg blir forbanna og full av hat,reagerer med gråt og tenners gnissel og får lyst til å grina og rive meg i håret når eg høyrer sånt.

27 juni, 2005 00:14  

Legg inn en kommentar

<< Home