lørdag, juli 16, 2005

Elektrolått 2

Eg har tidlegare uttrykt min store frustrasjone over det eg har valt å kalle elektrolått, forsøk på å gjengi latter via tastaturet. Elektrolåtten er noko ein finn i SMS språket og dersom ein brukar ulike chatte program på nettet.

Vel, til poenget. I går fann eg at enkelte folk har ein lettare jobb å uttrykkje latter via tastaturet. Dette av di dei faktisk ler med så pass tydelege lydar at det er mogleg å skrive det. Dette blei særs morosamt for meg då eg oppdaga det, og det er det framleis. Etter å ha kome halvvegs over kor festeleg det var, gjekk det opp for meg kor lett desse folka må ha det i SMS/chatte situasjonar. Tenk for å ein fryd å kunne knatte ned enkle stavelsar som ha-ha, ha-ha, ha-ha, for så å vite at ein har gjengitt sine kjensler så korrekt som mogleg!

Det negative med denne opplevinga er at eg no vert, om mogleg, meir forvirra når eg får SMS med ynkelege fosøk på å uttrykkje latteren sin. Eg veit at vedkommande som skriv ikkje ler slik, og vert sittjande og undra kva denne personene eigentleg meiner.

Lenge leve den levande SMS-låtten. Lenge leve den levande og ekte elekrolåten.

3 Kommentarar:

Anonymous Anonym said...

Mor di!!!

17 juli, 2005 00:22  
Blogger Aspis said...

Roflmao!

utrolig bra og aktuell problemstilling du tek opp her! Viss det var eit av dei sju emnene vi kunne velge å skrive om i fag-paperet mitt til mandag, ville eg definitivt valgt dette.

Veeeldig aktuelt.

Elektrolått. Fantastisk ord. Fantastisk. *respekt!*

27 august, 2005 02:27  
Blogger Aspis said...

Send det inn til språkrådet! Like aktuelt den dag i dag!

31 januar, 2020 18:02  

Legg inn en kommentar

<< Home