tirsdag, mars 22, 2005

Fyrste tur ut or Abe

Heimeskule i Ihosy.

Heime skule er som ordet seiar, skule heime. Denne gongen var det min tur til å vera læraren som var med heim. Det meste som er skrive er direkte avskrift frå journalen eg førte medan eg var rundt omkring. I kursiv finn du tankar, utdjupingar, refleksjonar og forklaringar som eg har ført på medan eg skreiv dette inn på EDB'en.

Forkortingar:
Abe - Antsirabe
Tana - Antananarivo
Fianar - Fianarantsoa



12/9-03
Dette er første turen ut or Antsirabe. Målet: Ihosy og heimeskule for Küsperts. Skulle ha vore av gårde kl 0700, men drog ikkje før tre kvarter seinare, kl kvart på åtte. Klokka 1715 var vi framme i Ihosy, altså 9,5 timar på tur. (Ihosy er ein liten filleby utan noko særleg å skryta av, sett bort i frå den gjestmilde fam Küspert. Dei har dette som sin base for utviklings rosjektet SOFABA. Byen fungerar elles mest som einstoppestad for dei som er på veg mellom Toliara og Tana/Abe). Då vi kom fram hadde eg fått med meg babyvræl, om lag 10 oppkast, 30 stopp, ei hyling i hovudet utan like og ein middag i Fianarantsoa (Fianar)

Vel framme i Ihosy var det rett til fotball med dei lokale gutane (dvs. gutar på 10-15 år som budd inne på den norske misjonsstasjonen. Vi spelete barfota med ein trikse ball eg hadde med meg. Måla var nokre sko, og banen var rett under eit digert ”kily” tre og ubeskrivelig støvete.) Ganske kjekt, så var det ein dusj utan nemneverdig trykk. Etter spagetthi med egg til kvleds var det eit av Küsperts utallige spill. Heil OK.

Imogon er det laurdag, satsar på å få sett meg litt rundt, samt kanskje litt med Manga, hushjelpa til her i huset (ho var vår hushjelp i Maintirano då vi budde der. Då var ho rundt tjue, no er ho sikkert nærare 35).

Gitaren er som alltid med. Spelte ca 15 min i dag. Litt for lite. Satsar på at det blir meir. Når sant skal sieast er eg spent på korleis denne veka blir.

Resten av kvelden snakka eg med Klaus og Sonja, (forledrene til Alma (6), Sophie (16) og Hans Christian (14)). Klaus har tre motorsyklar , to guzzi’ar og ein annan, (Denne kvleden angra eg bittert på at eg ikkje deler min kjære fras lidskap og kunne om motorar og alt dei kan drive framover. Hadde eg hatt litt peiling hadde eg hatt samtale emne resten av veka!)