torsdag, mars 24, 2005

Dag tre og fire i Ihosy

14/9
Avstad i kyrkja kl litt før ni. Etter å ha tatt Lariamen (malaria-profylaksen) dabba vi bort til til kyrkja, om lag 100 meter i frå huset . I frå første benk fekk eg med meg liturgi, opplysningar, litt meir opplysningar, ein heftig lang tale (nei ikkje eg gløymde ikkje komma her. Den var berre lang.), tresmak i baken, offring, ei ny offring, nattverd samt litt meir liturgi før den frigjerande lyden i frå kyrkjeklokkene (Ni slag der nett slik som her i Noreg). Då var klokka blitt 12.30…

Etter ein god middag var det ut på søndagstur. Målet var ”Paradiset”. Ein svingarav 26 km før Ihosy frå Abe. Vi kjørde litt på måfå (det var ingen veg der (veg=blispor, sti etter menneske eller dyr, eller noko anna som kan antyde at det har vore noko her før oss), likevel kom vi fram til der vi skulle. Ein kjempe plass. Ei elv og noko dill. (Ikkje den beste beskrivinga, men det er kjeddelig å skrive for nøyaktig). Litt synd at det ikkje var regntid, då hadde det sikker vore einda meir fantastisk (frodig og grønt, no var det mesteav gras og vekster gul og tørrt). Håpar å returnere rundt jul.

Så kom kvelden. Den gjekk med til ein interessant samtale med Klaus. (For ein mann! Han veit så utruleg mykje. Han lærte gassisk svært god på eit år, er utdanna lingvist. Samstundes som han kan beteiknast som intelektuell har han og peiling på det aller meste av praktiske gjeremål. Alt i frå mekking til planter og dyreliv. Ein mann eg fekk, og framleis har, stor respekt for!) Først om gassisk og så om den norsk vidaregåande skulen. Var kjekt men det blei seint, 00.10. (senge tid for misjonærane er rundt 22-23).

15/9
”Første skuledag”… Opp til frukost uvisst kva dagen skulle gje meg. ”Hjalp” Alma heile dagen, dvs eg sa kva det neste ho skulle gjere var. Ho er kjempe flik og flittig! Ellers var det ein inne dag. Forferdelig vind og ikkje meir enn 14 grader! (Husa er ikkje isolerte i det heile, noko som gjer kaldt vær ekstra kaldt) Måtte ta på meg det eg hedde. Leita etter film til kameraet , slik at eg kan dokumentera opplevingane mine, utan at eg lukkast. Må og nemnast at det faktisk er ganske krevjande å vera lærar.

Ser fram til å kome til Abe, bagasjen er komen (med fotball utstyr, frakt sponsa av Saron), trur eg i alle fall. Ser og fram til den eventuelle turen til Ranohira, på sykkel.

Kvleden blir brukt til intensiv gassisk terping. Lurar på om det er frivillig………? (Denne terpinga syntes eg var konge, då det var eg som hadde roen. Samstundes hjalp Klaus meg med å setje ting i system då han kunne dei ulike gramatikk termane og forklarte kvifor det eg sa var rett. Festeleg samtale: han spurde meg korleis ein skulle seie slik og slik, fordi han ikkje visst det, så svara eg han. Dette svaret analyserte han, og forklarte meg samanhengen.)