lørdag, september 24, 2005

RAUL MIDÓN

Å blogge frå kjøkkenboret er ein ny oppleving. Vi har fått trålaust internett. Så no sit eg, som sagt, ved kjøkkenbordet. Eg er mett, nippar i eit glas appelsinjuice og har det fint medan vidunderleg musikk spelar i frå høgtalarane.

Det er Midón som syng. Raul Midón. For ein musiker. For ei stemme. Og ikkje minst, for ei steming han klarar å skape! Eg held takta med heile kroppen, og ynskjer eg kunne vore med i bandet hans og kompa. Eg vil lansere han som den ny Steve Wonder. Wonderful. Stemma hans liknar særs mykje på Steve si, noko som er ubetinga positivt. Og så spelar han gitar. Heilt genialt. Kasse gitar. Eg likar det!

Den muntre stemninga er den raude tråden gjennom det heile. Likevel er plata, State of Mind, svært variert. Og svært god!

Eineste negative er at tekstane stort sett handlar om kjærleik og ordet på f som eg ikkje gidd skrive heilt ut, i og med at det er forbunde så mykje sterke kjensler med det.

At han er blind er ikkje eit billig salstriks.

8 Kommentarar:

Blogger Aspis said...

Raul Midon er ei suppe, og det samme er musikken hans!

25 september, 2005 17:55  
Blogger Marge said...

Bare appelsinjus? Rein, ublanda appelsinjus?

25 september, 2005 19:40  
Blogger 15. Johannessen said...

Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

25 september, 2005 22:59  
Blogger 15. Johannessen said...

Maggå: Ja. Eller nei. Var litt lite, så eg spedde i med vatn for at det skulle sjå ut som om eg hadde eit heilt glas...

Bakke: Hald kjeft.

25 september, 2005 22:59  
Blogger Aspis said...

Med fruktkjøtt? Liker dagens ungkalver fruktkjøtt egentlig? Faren er at det blir for høg konsentrasjon i botn av kartongen.

25 september, 2005 23:15  
Blogger 15. Johannessen said...

Dette var first price juice. Ut i frå det sluttar eg at det neppa kan ha vore frukt kjøt i den. Til det er den for billeg.

26 september, 2005 10:39  
Blogger Marge said...

Vatn? Ja eg spør; reint vatn?
Viel glück med Freud.

27 september, 2005 10:03  
Blogger 15. Johannessen said...

Ja, det var reint vatn. Ikkje ei blank væske som likan vatn, men reint (så reint som det kan bli her i Bergen) vatn.

27 september, 2005 15:06  

Legg inn en kommentar

<< Home