torsdag, september 01, 2005

Dette slo meg

I Noreg i dag har kvinner lov til å ta abort, utan nokon spesiell grunn, i veke 12 i "graviditetsprosessen". I Noreg er det lovfesta at det ikkje er lov til å ta liv. Slik eg ser det blir logikken et Noreg, landet eg bur i, ikkje seier at det som er i magen til kvinna har verdi som menneske(liv) før fosteret er 12 veker gammalt. Dette i seg sjølve er ein tanke eg ikkje klarar heilt å forsone meg med.

Ut i frå denne logikken oppstod følgjande problem i hovudet mitt: Ei kvinne, som har vore gravid i elleve veker og fem dagar, er ute og nyt haust sola. Medan ho går i den flotte parken som likk kun fem min i frå det nye huset ho og mannen nett har kjøpt, får ho auge på ein narkoman. Ho synest synd på denne narkomane men går vidare. Plutseleg ut i frå intet kastar ein guttegjeng seg over henne. Dei stiller seg i ein ring rundt henne og krevar å få pengar og alle verdisakene hennar. Ho nølar, men finn det fram. Leiaren går inn i ringe for å ta i mot. Han tek i mot pengane, og gjer henne erett høgre som ligg solid planta i magen på kvinna, for så å følgje opp med ein spark og to slag til. Gjengen forduftar. Kvinna, fortvila som ho er, kjem seg på beina og rasar til sjukehuset. Sjølv er ho forslått, har brukke to ribbein, men det som gjer situasjonen totalt svart er det legen fortel henne. Fosteret ho bar i magen er blitt abbortert.

Lat os forlate denne tragiske situasjonen. I staden rettar vi blikket mot gjerningsmannen. Han blir raskt spora opp, og varetektsfengsla. Betjent Johnson sit og les kva som har skjedd. Det er ikkje tvil om at gjerningsmannen skal tiltalast for grovt ran og legemesbeskadigelse. Men, kan han tiltalas for vold med døden til følgje? Johnson er i tvende sinn, og klarar ikkje bestemme seg. I følge norsk lov hedde ikkje det som var i magen til kvinna menneskeverd...

Kva i heite? Korleis skal ein forholde seg til ein slik situasjon?

Alt dette er basert på informasjon eg har fått frå andre og mi eiga tankeverksemd. Eg har ikkje hatt annledning til å sjekke opp dei aktuelle lovane.

7 Kommentarar:

Blogger magnus said...

ke i all verda hadde den narkomane med alt sammen å gjer. Hvis du tar vekk han frå den ellers så umulige likningen din trur eg du finne svaret ganske raskt...

01 september, 2005 16:24  
Blogger 15. Johannessen said...

narkomannen var berre til pryd, eg gjorde eit forsøk påå få fram ei eikkel stemning og skape litt forvirring.

02 september, 2005 10:58  
Anonymous Anonym said...

fantastisk bra historie om en grusom realitet i dagens norge. Tvile på at nogen kan komma med et bra svar på spørsmålet ditt

05 september, 2005 21:08  
Blogger Morten Magelssen said...

Heisann. Sjekk ut min beskrivelse av forskjellige abortsyn på Morbus Norvegicus. Kommentarer er velkomne.

06 september, 2005 19:41  
Anonymous Anonym said...

hei stonsi! kæ mæ å senda dette te nogen politikara å hørra kæ di svare..??

Odd Ivar

08 september, 2005 18:10  
Anonymous Anonym said...

Well done!
[url=http://okcqeaai.com/dgia/zlbt.html]My homepage[/url] | [url=http://kqawvviv.com/hmpg/dtuw.html]Cool site[/url]

13 november, 2006 22:54  
Anonymous Anonym said...

Well done!
http://okcqeaai.com/dgia/zlbt.html | http://gljlywxd.com/rjnd/kbmf.html

13 november, 2006 22:54  

Legg inn en kommentar

<< Home