tirsdag, desember 27, 2005

Hei, hei


I da skal eg på tur. Overnattingstur. Heilt til i går såg eg ei det store problemet med det. Det var til i går. Då sat eg hjå Kesse og samtala med mellom andre Odd Erling. Det gjekk opp for meg kor kaldt det kom til å bli. Litt etter litt byrja det å klarne, og eg trur no eg innser kva eg har begitt meg ut på. Sist gong eg sov ute i Guds frie natur var det 20 herlege i lufta. I natt skal det være ingen eller anti varmegrader. Eg har faktisk ikkje sove ut i Noreg sidan eg gjorde det med speidaren, den tida Jon H og eg gjekk der. Det er sikkert ti år sidan. Hendelse, dette kjem til å bli kaldt. Det som skal redde meg er speiderutstyret til mine søstre. Eg lånar både det eine og det andre og satsar på at det verste av kulda held seg ute. Det verste er eigentleg at eg aldri plar forholde meg temaet utandørs når heile det noregskartet på NRK er dekkja av blå flekkar. Det har då tidlegare vore uaktuelt å gå ut. Kva har eg begitt meg ut på?

Margunn, Tone og Odd Erling er dei som skal bære restane av meg heim.

2 Kommentarar:

Blogger Hs said...

eg begynne å bli frelst...
i dag har eg kjøpt mentholatum og nå hørre eg på jack johnson!

wow

27 desember, 2005 17:06  
Blogger 15. Johannessen said...

Konge! Det er to sentrale element i mitt liv. Ivesterte seinast i går (før turen) i mentholatum for både tørre lipper, tett nase og gnagsår. På turen plystra eg på J.J.'s Constellations, nr 14 på "in Between Dreams".

28 desember, 2005 14:43  

Legg inn en kommentar

<< Home