lørdag, desember 03, 2005

Vasspipe

Eg er så glad i ei god vasspipe. Det var eg før og det er eg no. På Bryne var det Lloydas som stod for dette, og vi var ofte fleire enn tre som røykja. Det var fint.

Til min store fryd finne ein faktisk vasspipetilhengjarar her i Bergen og. Ein mann ved namn Brøvig er svaret. Han er ei bergenser, men i frå det blide, glade og alltid regnfrie sørlandet og tykkjer det er viktig å få ein god Start. Å røykje vasspipe med Brøvig har vist meg nye dimensjonar ved denne fantastiske reidskapen. Medan vi på Bryne stod i ein garasje og fraus (i regelen var det slik i alle fall) og tala om vær og vind og lo litt, sit ein her i Bergen inne. Det gjer seg jo sjølv eigentleg. Ei er det opphald her. Inne er musikken på, den gode. Den som lagar ei hærleg døsig stemning. Inne går det gode praten. Den relativt djupe og fine samtalen. (Det er ikkje så voldsomt som det høyres ut til, men fint er det, ja fint). Ein er ei heller mange om beinet (les: pipa, om det var vanskeleg å forstå. Vi røykjer ikkje bein.). Av dette føljger det at ein fåt tid til å bli passe svimmel eller som ein austlending ville sagt: dizzy (Eg omgjer meg med ein del austlendingar og har lært dette). Eg har og fått prøve å blåse ringar. Etter å ha studert den teite "blås-ring-posisjonen" til Odd Erling hadde eg fått inspirasjon. Eg kopierte han og hans stil. På første forsøk kom det ei ring. Då var det berre å la hovudet falle tilbake på puta og la svimmleheita (den hærlege) gå over og la vasspipa vandre vidare.

Ein blir sløv. Ein blir avslappa. Ein blir psykisk oppstemd.

Vasspipe er tingen.
Kom ei med peikefingen.

7 Kommentarar:

Blogger Kristian said...

gudd

06 desember, 2005 13:46  
Blogger Anders Serigstad said...

Svimmel ke du har i den narko eller? Hvis man blir rusa av ei vasspipe bør ein slutte med dette og forby det. Eg er imot alt man kan bli rusa av til og med alkohol.

07 desember, 2005 17:32  
Anonymous Anonym said...

Eg gadd ikkje lese heile den lange innlegget ditt om vasspipe. Men eg tykkjar det er gildt at vasspipe engasjerar deg. Eg personlig vert meir oppstemd over korinterbrevet. Kva prøvar eg å sei no? Ikkje noko. Fint med blogg. Stå på røyk deg blå!

07 desember, 2005 20:44  
Blogger Marge said...

så løye! (eg torde ikkje skriva hehe)

08 desember, 2005 17:38  
Anonymous Anonym said...

Great work!
[url=http://jynnfvoy.com/zxob/ljeh.html]My homepage[/url] | [url=http://rnzhwqrn.com/nnxw/utte.html]Cool site[/url]

06 august, 2006 11:47  
Anonymous Anonym said...

Good design!
My homepage | Please visit

06 august, 2006 11:47  
Anonymous Anonym said...

Good design!
http://jynnfvoy.com/zxob/ljeh.html | http://cdfmxbpi.com/arvq/xymp.html

06 august, 2006 11:47  

Legg inn en kommentar

<< Home