torsdag, august 04, 2005

Livet mitt er endra


For ei veke sida kjøpte eg CM5. Eg har bevisst latt være å kjøpe dette lenge, av di eg ana at det var ein trussel mot alt. Alt som heitte sosialt samvær, konsentrasjon, skule og hygiene. Og det var det. Det er det siste eg tenkjer på før eg legg meg og det første som er i hovudet mitt i det eg opnar augo om morgonen. Det er magisk. Fantastisk.

Eg starta tre fire spel som eg sletta før eg kom i gang, det "bugga" litt og eg bare tapte. Så lasta eg ned ei fil som skulle rette opp feila og oppdatere spelarane. Og du kor kjekt det er no. Spelar med Lyon, er i andre sesongen og har utruleg nok fått fatt i Robinho. Den første sesongen enda eg på andre plass, bak PSG og Puleta som scora over 50 mål på dryge 30 kampar.

Sjølv om eg skal på jobb halv åtte dagen etter på er set sjeldan eg klarar å avslutte før klokka nærar seg eitt. I går kveld var ein slik kveld. Eg avslutta sesongen og sette i gang med spelar kjøp, det kjekkaste med heile spelet. Eg fekk plutseleg solid med pengar å handle, så eg surfa rundt og plukka meg ut godbitane. Eg anda opp med Menez, Carew, Simpliso, Serginho, Del Horno, Torres. Eg prøvar framleis å bli kvitt nokre av spelarane som er til overs etter sumar handelen, men det er ikkje mange som vil ha dei.

Dette er eit fantastisk spel, og no må eg avslutte for eg skal spele!! Det er så rått.

P.S.: Skal spel ei veke til, så skal eg brenne ut spelet med Lyon, og slette CM5 frå maskina. Dette er 100% naudsynt då eg veit at det vil gå ut over både studier og kameratar.

3 Kommentarar:

Anonymous Anonym said...

Freak!!!

06 august, 2005 13:21  
Anonymous Anonym said...

Eg suns "Fotball-ligaen" på Commodore 64 va fantastisk. Så eg forstår at du e hekta. Samtidig som eg ikkje fatte at du gidde:)

Kristian

07 august, 2005 23:33  
Blogger Aspis said...

ÅÅååå, det finnes jo så mange andre mykje betre spel! CM is for n00bs! (;

Alikevel Stones, eg er stolt av deg! *anerkjennande kjapp klapp på skuldera*

Slette det frå maskina?! Dommar! Go wild, have fun, let the good times roll Stones! Rofl!

27 august, 2005 02:10  

Legg inn en kommentar

<< Home