lørdag, mars 10, 2007

Blei tikka, tikka vidare.

Bøsse, det svinet, tikka meg. Eg har aldri vore rask, så eg klarde ei å stikke av.

Reglar:

Kvar spelar startar med å skrive seks underlege ting om seg sjølv. Bloggarar som blir “tekne” må skrive seks ting om seg sjølv i sin eigen blogg, samstundes som reglane for spelet blir klarlagt. Til slutt vel spelaren seks nye bloggarar som “har den”, og skriv opp namna deira. Etter det er gjort, skriv han eller ho ein kommentar på bloggane til kvar av dei, for å la dei vite at de har blitt “tekne”, og at dei må lese bloggen til den som tok dei for meir informasjon.

6 underlege ting ved 15. Johannessen

1. Eg tykkjer denne leiken er fantastisk.

2. Fingerneglene som sit på den høgrehanda (sett bort i frå litlefingeren) er betrakteleg lengre enn dei som er på venstre.

3. Eg har alle CD'ane Bob Marley har gitt ut.

4. Eg stemmer for å kunne rape og fise kva tid ein vil i eins eige hus.

5. Nett no klør eg på høgre lår.

6. Eg kunne eigentleg tenkjer meg å reise verda rundt og loffe, men vel i staden å leggje dei neste 5 åra av livet mitt til den grå og triste byen Bergen.

Då får eg tikke vidare. Det er jo stress i og med at min omgangskrins er svært begrensa. Eg tek somme som eg kjenner og andre som eg ei veit kven er. Desse er: Erlend Bjerkestut, Geggi, Målbu, Erlend Rørvik og til sist Maria!

Etiketter: ,

4 Kommentarar:

Blogger Bjørnar said...

Hehehe! Løye! Punkt 1 overrasker meg.

Jeg kan komme på noen ting du glemte:

7. Eg kallar meg sjølv konsekvent 15. Johannessen. Dette har sin bakgrunn i mitt medlemsskap i presteforeininga Filius.

8. Eg er så fanatisk oppteken av nynorsk at eg til og med omset reglane i bloggetikken når eg skal poste dei på bloggen.

11 mars, 2007 23:09  
Blogger 15. Johannessen said...

Haha. 8. åtte frydar meg! Morosamt. Elles så undrar eg om du hadde latt nynorske instruksjonar stå øvst på posten din, med bokmål i svaret...

12 mars, 2007 09:16  
Blogger Ingrid said...

Juhu, Steinar. Nå blei du tikka av mg... kOOs dg.
snx, klem

12 mars, 2007 17:13  
Anonymous Anonym said...

Hei, noen ord fra en faren venninne! Hvordan står det til? Alt bra? Likte godt kommentaren Øyvind hadde fått en morgen! :) Var du der? Og en ting til, den raperegelen din.. Gjelder den for begge kjønn? Mener å huske at det var noen restriksjoner.. ;P

Håper du har det bare bra! Hender jeg savner sv-lunsjene, håper dere holder fast! Hilsen fra tidligere kollokvikvinne i øst

14 mars, 2007 01:12  

Legg inn en kommentar

<< Home