onsdag, mai 31, 2006

Den feite dama

Der sang ho. Høgt. Tydeleg. Og lenge. Fint var det ei, men hildrande du kor godt det var. Kven er det eg talar om? Jo den feite dama, ho som syng kvar gong noko er over.

I går satte eg punktum for tidenes eksamens tid. Då eg leverte eksamen etter sju timars hard skriving kom alt innover meg. Vondt i hovudet og snue i det klokka blei fire. Då hadde eg tynt alt eg kunne, og var ferdig i bransjen. Dagen vart avslutta på persisk restaurant og ei vansspipe på terassen til Fix You. Det merkast at noko var over. Var det i to timar og i drygt den første time sat vi berre der røykja, sporadisk avbrote av ein eller anna kommentar. Elles var det berre å sitje der å gjere ingenting.
Nydeleg.

No er det vanlege ting som står på programmet. Ete, dusje gå til frisør o.l. Det blir perfekt. Så skal eg heim til Bryne og kjøre "eit prosjekt til dagen" rytme. Det vil seie at eg iløpet av ein dag har som mål få gjort ein ting. Ikkje til eit visst klokkeslett. Til dømes kan målet for ein dag vera: Spela beach. Er stygt redd for at dei fleste dagane kjem til å dreie seg om det, det og jobb. Eg gler meg!

3 Kommentarar:

Anonymous Anonym said...

Hmm I love the idea behind this website, very unique.
»

08 juni, 2006 09:37  
Anonymous Anonym said...

Hey what a great site keep up the work its excellent.
»

19 juli, 2006 16:50  
Anonymous Anonym said...

Your site is on top of my favourites - Great work I like it.
»

22 juli, 2006 20:02  

Legg inn en kommentar

<< Home