torsdag, mai 10, 2007

Normar

No er det igjen eksamens tid og innlegg relatert til det kjem ikkje som ei overrasking. Eg lar meg fasinere av normane på salen, og særleg brudd av desse. No, for tre min sida, skjedde dette (nei, eg er ikkje i eit kjempe lesemodus); plutseleg ut i frå det blå ytrar ein austlending med klår røyst: "Skal du trykke tastane gjennom tastaturet? " medan han ser på ein forskremt fyrsteårsstudent. Han snur seg så rund i salen og fortset; "jeg vet ikke hvordan det er med dere, men...". Vidare snur seg tilbake og kjem med ei siste ytring; "jaja, kjør på for min del".

Han må jo kritiserast. Eg forheld personen anonym, og forsvarar min kritikk av han med det. For det første. Ein skal jo ikkje tale høgt på lesesalen. Aldri. Skal ein først klager er nonverbale sanksjonar første steg. Blikk, sukk, stirr eller ein tydeleg grimse. Den siste formen for klaging har eg sjølv nytta meg av, og det funkar. Funkar det derimot ikkje er verbal kommunikasjon på kviskrenivå neste steg. Så er det slutt. Då er det berre å bite det i seg. Å konfrontere nokon med at dei raslar med papira eller lukter pizza når ein treff dei er på gangen blir for dumt. Det går ikkje.

Men; tilbake til normbrotet. Blir frustrasjonen stor nok kan eg forstå det. Eg har sjølv måtte ta med ein ufrivillig pause grunna vas i frå sidemannen. Men å seie det høgt; nei det er ubegripeleg. Hadde no ytringa no berre vore fornuftig, noko å rette seg etter! Men neida! Å avslutte eit klage utbrot, som jo i utgangspunktet er radikalt dumt, med å seie "jaja, bare kjør på for min del", blir beint fram meiningslaust. Håplaust. Ikkje er han førestårsstudent heller.

Hald kjeft og sett deg ned. Kjenner er hamrara litt ekstra på tastaturet no, i protest.

Lenge leve sosiale antennar!

2 Kommentarar:

Anonymous Anonym said...

Du er morsom:)!! sitter med siste innspurt i den utrolig kjedeligste oppgaven ever...jaja 1 uke igjen nå så er hvertfall jeg ferdig! Ha god lesing! klem, kristin

16 mai, 2007 15:19  
Anonymous Anonym said...

Betryggjande at du i allefall vasar litt innimellom! Sjølv moro syns du til tider er for seriøs.
Lukke til med innspurten, så får du heller vasa på full tid etter det!
M.J.

28 mai, 2007 18:36  

Legg inn en kommentar

<< Home