Eg kom til Rwanda i gaar etter 8 timar i buss fraa Kampala. Dette innlegget kunne handla om folka eg traff paa bussen, kor artig det er aa sjaa responsen til folk naar eg helsar dei paa kiniyarwanda, eller korleis det er aa vandre rundt utan aa vite verken kvar ein er eller kvar ein skal. Men alt dette er bagatellar. Innlegget vil dreie seg om folkemordet som fann stad her i Rwanda i april 1994. Dersom du ikkje gidd aa lese om sjoelve folkemordet kan du hoppe over dei neste avsnitta til du kjem til mine reaksjonar.
BakgrunnFoerst ei grov og kjapp innfoering i bakgrunnen for det som skjedde. Opprinneleg var samfunnet organisert i nokre faa klanar, desse vart ein foedt inn i og det var ikkje tale om noko andre skilnadar enn kven du stamma i fraa. Koloni herrane, innfoerte foerst eit raseskilje, der variabelen som gjald var kor mange kyr ein hadde. Dei som hadde meir enn 10 vart satt i tutsi baasen, medan dei som hadde mindre enn 10 vart sett i hutu baasen og betraka. Samstundes var det pygemeeane, kalla twa som utgjorde (og framles gjer) ein minoritet. Etterkvart vart dei utvikla det seg ein tanke om at tutsiane var meir truverdige og intelligente enn hutuane, og smaatt om sen oppstod det eit tutsi aristokrati, eit aristrokrati av mindretalet. Daa Rwanda, som dei fleste andre afrikasnke koloniane paa 60 talet, vart sjopelvstendig i 1962 ville hutuane ta over. Dette resulterte i at det under hutustyre utvikla seg ei raseideologi der tutsiane var sett ned paa og hetsa. Gjentekne gonger var dei forfluget og forsoekt drepte. Dette foerte til at mange flyklta til Uganda.
I kortare trekk vart denne ideologien stadig tydelegare og den vart tilslutt heilt openlys, samstudnes som landsdekkjande radio var med paa aa spreie haldningae paa lufta. utsiane vart dehumanisert, kalla kakarlakkar og betrakta som dumme, svikefulle og mindreverdige. Ved fleire anledingar vart smaa lommer med tutsiar masakrerte, alt i regia av sentrale personar i hutu styret.
Det som skjedde i tidleg paa niuttitalet er samansett og influkt, men i korte trekk vart folkemordet planlagt for aa bli kvitt skummet for alltid. Tidenes mest massive vaapen avtale vart inngaatt med Frankriket, og same nasjon var og med paa aa trene opp Interahamwe, ein slag Hitler jugend for Hutu ekstremistane.
I april 1994 var landet i borgarkrig daa tutsiflyktningar hadde samla seg i Uganda, danna Rwanda Patriotic Front, og gaatt til angrep paa regjeringshaeren. Denne borgarkrigen var bakgrunnen for at flyet til landets president, Habyarimana, vart skote ned. Dette var signalet hutuane venta paa, og mindre enn ein time etter at meldinga om at presidenten var doed var Kigali fyllt av vegsperringar, og Interahamwe gjekk i fraa doer til doer med lister over kven som var hutu og kven som var tutsi. Saa byrja dei aa dreppe. Flatt. Raat og raate, alt som kunne, eller ikkje kunne, krype eller gaa.
Mine reaksjonarDet eg no har beskrive var det eg saag i froste delen av framstillinga paa senteret. Saa kom beskrivingane av det som foelgde. Eg fekk sjaa video snuttar med doede menneske, og dei var ikkje lagt i ei seng med atlatne augo, dei var skamformne paa dei mest brutale maatar. Andre snuttar viste born som fekk hjelp, problem: kakk i skallen. Brutalt. Daa eg saa flytta blikket ned og fekk sjaa klasmonteret med 'vaapena' i kom ei foerste taarene. Der var gevaer, greit nok, men der var og piler, morbide knivar, klubber, spadar, stein og oekser. Somme hadde til og med blitt gravlagde levande, det var tittelen paa ei lengd med rusta kjetting.
Kjenslene mine daa eg hoeyrde slektningar og verner som og var der grine hogt kan eg nok ikkje dekkje med ord. Plutseleg vart alt eg hadde lest om og tenkt at dette var faelt saa naert. Dette hadde hendt mor hennar, tanta hans eller soestera hennar. Fleire taarer kom, og eg svegde det eg var god for medan eg sat paa huk med hendene i haavudet.
Etter dette kom resten av historia, korleis FN og resten av verda svikta TOTALT! Eg kjende det daa, eg kjenner det naa, og kjem til aa kjenne det saa lenge eg kan tenkje klart, paa eit voldsomt og desperat raseri. Over at vi, mine kvite slektingar i nord, som kom inn aa henta ut sine eigne, ikkje gjorde noko, men og over at eg sjoelv ikkje kunne gjere noko meir enn det eg gjer no; aa bringe ordet vidare slik at det aldri, ALDRI skjer igjen. Vidare vart det saa forklart korleis RPF vann over den sittande regjeringa og tok over makta, noko som meir eller mindre markerte slutten paa masakrene.
Deretter kom eg inn i eit rom der ein fekk presentert konsekvensane. Bilete av ei som var drepen, io kaldt blod, og i somme tilfeller i fryd. Vegg etter vegg etter vegg etter vegg. Og ein stemme som leste opp namna paa alle som er registrert doede. 800 000 paa hundre dagar. Det mest effektive folkemordet i historia. I neste rom laag eit 'utval' hovudskallar. I kvart bidige kranie lyste vondskapen sopm hadde ramma ei. Somme var brista, andre mangla mindre delar medan andre igjen var toatalt moste. Ein kunne sjaa spora etter knivane, etter klubbene og spadane. Saa var nokre klede utstikt. Skitne, blodige og med merkjer etter doeden som hadde ramma eiaren. Igjen var taarene der, og dei kom endaa sterkare daa eg entra neste rom der det rulla eit intervju av dei etterlatte. Eg vart maallaus og maatte ta telling. Dette er noko som verkeleg har skjedd, som har ramma ufatteleg mange menneske. Og det er uendeleg viktig at folk faar vite om det slik at det ikkje kan skje igjen.
I etasjen over var ei eiga avdeling dedikert til born. Igjen kom taarene. Enkelt var det lista opp namn, alder, bestevenn, favorittmat, hobby o.l. og saa; maaten dei var drepne paa. Hakka i hjel av mor av di far var tutsi. Skutt i hovudet. Sprengt i alg med 3000 andre i ei kyrkje. Begravd levande. Bloedde i hjel etter knivhogg.
Eg er tom for ord. Og dette er berre byrjinga paa det eg vil laere om folkemordet som tok livet av 800 000 menneske paa hudre dagar seinvaaren 1994.