lørdag, mars 21, 2009

Skiljet mellom Sunni og Shiia

Korleis oppstod skilje mellom sunni- og shia- islam?

Alle vitale funksjonar kvilte på Muhammed og hans virke då han levde. Då han døde måtte det kjapt identifiserast ein ny leiar. Ei gruppering meinte ein skulle følgje arabisk sedvane og la den som var best skikka til å ta over leiinga gjere nettopp det. Ei anna gruppe meinte at familiære band skulle være det sentrale kriteriet, og sidan Muhammed ikkje etterlot seg nokre sonar, var svigerson hans Ali, det beste alternativet.

Abu Bakr hadde vore ein nær medarbeida ar Muhammed og hadde mellom anna leia bønna når Muhammed ikkje var i stand til dette. Han vart innsett som leiar (kalif), noko som skjedde så raskt at Ali ikkje ein gong var til stades ved valet. Med dette vart eit viktig prinsipp sett fast; leiaren skule veljast ut i frå evner, ikkje ut i frå slekt.

Først då den fjerde kalif skulle veljast kom Ali til makta, men i perioden hans som kalif låg han i stadig maktkamp med Muawiya. Då ali døde vart hans son Hasan lansert som ny kalif av shiat’ Ali (Ali sitt parti), men valet falt på Muawiya. Etter Muawiya sin død var ein anna av Muhammed sine soner Husein, aktuell som kalif. Son til Muawiya, Yazid, fekk tittelen som 6. kalif, noko som gjorde splittinga komplett.

Husein og slaget ved Kerbala. Husein nekta å være lojal til Yazid, noko som førte til krig. Husein døde i slaget ved Kerbala (i Irak) i 680, og vart saman med dei som støtta han shiias første martyrar. Dette blir feira kvar 10. månad (muharram), som ein markering av shiia identitet og til minne om alle martyrane som har dødd før shiia opp igjennom historia. Yazid blir sett på det som i frå ein kristen ståstad kan være kombinasjonen av Judas, Kaifas og Pilatus: han er den mørkaste skikkelsen innan for shiia islam.

Med døden til Husein som utgangspukt vart shia no til ein eigen retning som ikkje lenger anerkjende den sunnittiske leiarskapen.

Kjelder:
Jan Oppsal: Lydighetens veg (1994)
Hammudah Abdalati: Isalm in foucus (1975)
Heinz Halm: Shi'ism (1991)

søndag, februar 03, 2008

Tenk på det du!

Det drar seg til i Chad. Stemninga i N'jamena er roleg men uhyre spent. Dei omlag 10 000 000 innbyggjarane er vitne til opprørstyrkene, Unified Military Command (UNM), sitt forsøk på å kuppe makta. Historia er lik den i så mange andre land i den tredje verda. Presidenten Idriss Déby har regjert i to periodar, og mot slutten av den siste perioden får han igjennom endringa i grunnlova som gjer det mogleg å stille til attval for andre gong. Dette valet vinn han i eit val opposisjonen boikotta. Samstundes som at dette skjer er innbyggjerane og politikarane prega av konflikten i nabolandet; Chad grenser til Darfur regionen i Sudan er det omlag 500 000 flykningar i frå Darfurkonflikta i landet.

Då eg såg nyhende i går var det tre punkt som vart tekne opp. Det første var at det var omlag 400 'expats' eller europearar i N'jamena og at franske styrke vart forberedte på å evakuere desse. Det andre var at det vart planlagt å sende styrkjer i frå EU for å beskytte den halve millionen med flyktningar. Det tredje var at militsen hadde kontrollen i N'jamena, men at presidenten endå ikkje var styrta.

Då eg vakna i dag og sjekk kva som hadde hendt i løpet av kvelden og natta vart eg provosert, men langt i frå overraska. For det første hadde UNM ful kontroll over hovudstaden, dei held kun tilbake angrepet på presidentpalasset for å gi Idriss Déby en sjanse til å flykte. For det andre hadde FN evakuert sine medarbeidarar til Kamerun, og franske styrker hadde fått 400 utlendingar i sikkerheit. Det tredje var at EU styrkene som skal beskytte flyktningane var forsinka.

Alle mennesker er like mykje verdt, det er oppdradd til å tru. I FN sin menneskerettigheitsdeklarasjon artikkel tre heiter det; "Everyone has the right to life, liberty and security of person." Den verkelege verda er langt i frå dette. I ein kvar konfliktsituasjon, særleg i den tredje verda, er det dei kvite, utlendingane som reiser fyrst. Militært personell kjem inn, målretta og uhyre effektive, hentar ut dei kvite i frå den betente situasjonen dei befinn seg i og reiser så i frå landet. Eit av dei mest brutale døma var evakueringa av Rwanda våren 1994. Og det skjer i dag i Chad. Slik eg ser det er dette å sei; dei kvite er meir verdt den dei lokal svarte.
Det er jo verdt å merke seg at flyktningane frå Darfur også blir behandla før dei sivile i Chad, eller det er vel heller i teorien. EU styrkene er forsinka, og kven veit når dei eventuellt måtte finne det for godt å kome.
Hovudargumentet mitt er altså at menneskerettigheitene er verdt like mykje som papiret dei er skrivne på. Hadde flyktnigane frå darfur vore amerikanarar skal eg love deg at det ikkje hadde vore tal om forsinkingar. Dei hadde blitt henta ut sporenstreks.
Samstundes som eg vert oppgitt er det greit å vite at eg som kvit kan rote meg borti så å seie kva som helst, eg vil alltid bli evakuert. Eg er verdt meir i kroner og øre enn det mine svarte brødre er.

lørdag, november 24, 2007

Turen som tok slutt.

Eg har gjen-publisert det eg skreiv då eg var på tur. Det heile er lagt ut i motsettrekkjefølgje, noko som gjer at dersom ein startar med å leste posten før dette og blar seg nedover får ein den kronologisk rekkjefølgja...


Les det den som vil

Dubai

Etter ein heller slapp start paa opphaldet i Dubai vart det heile mykje betre saa fort eg fekk i meg litt varm mat. Og det var ei konge oppleving!

Her er omlag 40 grader i skuggen, i den grad den eksisterar, samstndes som det er saers fuktig i lufta. Dei lokale heltane har teke konsekvensen av dette og i dei aller fleste bygningane er det air conditioning. Ein foelgje av varmen er at eg maktar maksimalt med 30 min trasking foer eg maa inn paa eit eller anna kjoepesenter for aa kjoele meg ned.

Men poenget var maaltidet ja. Eg ville gjerne vaere eksotisk og proeve noko ukjend. Det aller meste rund t hotellet er kipkjapp mat i ulike formar og variantar. Eg toyde grensa for fysisk aktivitet i sola tol det maksimale i jakta paa noko som ikkje var frityrsteikt og kom tilfeldigvis over eit smug der det ang eit skilt: Resturant . Daa eg kom inn var alle borda opptekne av inderar som alle spiste med henne. Noelande gjekk eg bort til mannen med mest haar paa brystet og frodigast bart (sikre teikn paa autoritet ...;)) . Han forstod minimalt av kva eg sa, men at eg ville ha mat var openbart . Slik eg forstod det foreslo han fleire alternativ, mellom anna noko med chiken. Daa dette var det ordet eg kjende igjen slo eg til. Eg sette meg ned ovanfor ein inder og fekk ete med han. Maten var god, praten koseleg dog hakkete, og eg vart mett. Og endaa har eg ikkje kjent p orselenet rope etter meg ,eit godt teikn.

Morgondagen er open og blank . I jakta paa det billegaste hotellet havna eg langt i fraa det meste, Dubai har tilgode aa sjarmere meg. I morgon er siste sjanse saa faar ein sjaa kva som skjer.

Deira

Opphaldet i Dubai kan oppsummerast som eit vellukka paa maafaa prosjekt. Det einaste eg viste daa eg kom var at det skulle vaere store bygningar der og at over 50% av verda sine byggjekranar var aa finne i denne byen.

Grunna eit begrensa budsjett hvana eg i den eldre delen av Dubai, kjend som Deira. Dette var ein byddel nesten utan turistar og ei heller dei store attraksjonane. Likevel fann eg det eg var ute etter: spennande mat og ein god vasspipeplass.

Eg tenkjer aa faa skrive litt meir om vasspipeopplevngane seinare dersom eg orkar, men nett no er det ikkje prioritet.

Uganda Calling

No er eg altsaa komen fram til Uganda. Eg bur paa ein stad kalla Red Chilli Hidaway, saman med eit lass andre utlendingar. Er ikkje det heilt store, men eg faar lov til aa nytte teltet der, noko som er rimelegare enn all anna overnatting.

Eg ankom Entebbe ved Victoriasjoen for to dagar sidan. Etter aa ha nytta uventa mykje peng paa visum fann eg ut at eg kunne proeve aa finne rimlegare transport til Kampala enn taxi. Taxis sjaafoerane lo av meg< det gaar ikkje buss her i fraa. Men eg gav meg ikkje og stilde meg opp der det stod fire fem andre mennsker samla. Etter fem minutt kom det ein bil forbi og plukka oss opp alle saman. Sjaafoeren var Tony og hadde tom bil paa veg heim til Kampala. Kva er vel daa meir naturleg enn aa gje folk gratis skyss?

Trafikken her er verd nokre setnngar i seg sjoelv. For det foerste: Dei kjoeyrar paa venstre side av vegen, noko som fleire gonger spelte meg eit puss. For det andre: du kolliderar ikkje foer du er borti noko, tryggleiksmarginen er paa fem cm. Daa eg hadde forstaatt dette, gjorde det ikkje saa kykje at hundar og kattar, syklar og mopedar, bussar og bilar, for aa ikkje gloyme fotgjengarar, virrar fram og attende i vegen.

Kampala er ein kaotisk by, men lite system. Set ein det saman med min mildt sagt svake sans for stadar, er det ikkje vanskeleg aa sjaa foere seg at det tek litt tid for meg aa kome meg i fraa a til b. Det eg som oftast gjer er foerst aa spoerje ein person om aa gje meg ei generell retning. Dertetter spoere eg peron nummer to om eit namn. Saa signaliserar eg til ein mutatu, ein hybrid busstaxi, og spoer om han skal den vegen. Seiar han ja hoppar eg inn saman med dei andre 14 pasasjeran som sit i Hiace'n, og satsar paa at eg kjenner meg igjen naar eg kjem dit eg skal.

I dag er planen aa oppsoekje ein libanesisk resturant og teste vasspipe i afrika. Deretter tenkjer eg meg paa seriefinalen i den lokale fotballigaen her i Uganda. Denne kampen skulle eigentleg spelast i morgon, men vart flytta av di folk her i byen er galne etter egelsk fotball og derfor heller hadde sett sereiopninga i morgon enn aa gaa paa kamp her.

I morgon tek eg til Rwanda. Der blir eg i ei veke eller saa. Saa blir det burundi foer eg returnerar til Uganda i september. Daa blir eg verande ein maanad og reisar rundt til ulike Chrisc lokallag.

Kigali Genocide Memorial Center

Eg kom til Rwanda i gaar etter 8 timar i buss fraa Kampala. Dette innlegget kunne handla om folka eg traff paa bussen, kor artig det er aa sjaa responsen til folk naar eg helsar dei paa kiniyarwanda, eller korleis det er aa vandre rundt utan aa vite verken kvar ein er eller kvar ein skal. Men alt dette er bagatellar. Innlegget vil dreie seg om folkemordet som fann stad her i Rwanda i april 1994. Dersom du ikkje gidd aa lese om sjoelve folkemordet kan du hoppe over dei neste avsnitta til du kjem til mine reaksjonar.

Bakgrunn
Foerst ei grov og kjapp innfoering i bakgrunnen for det som skjedde. Opprinneleg var samfunnet organisert i nokre faa klanar, desse vart ein foedt inn i og det var ikkje tale om noko andre skilnadar enn kven du stamma i fraa. Koloni herrane, innfoerte foerst eit raseskilje, der variabelen som gjald var kor mange kyr ein hadde. Dei som hadde meir enn 10 vart satt i tutsi baasen, medan dei som hadde mindre enn 10 vart sett i hutu baasen og betraka. Samstundes var det pygemeeane, kalla twa som utgjorde (og framles gjer) ein minoritet. Etterkvart vart dei utvikla det seg ein tanke om at tutsiane var meir truverdige og intelligente enn hutuane, og smaatt om sen oppstod det eit tutsi aristokrati, eit aristrokrati av mindretalet. Daa Rwanda, som dei fleste andre afrikasnke koloniane paa 60 talet, vart sjopelvstendig i 1962 ville hutuane ta over. Dette resulterte i at det under hutustyre utvikla seg ei raseideologi der tutsiane var sett ned paa og hetsa. Gjentekne gonger var dei forfluget og forsoekt drepte. Dette foerte til at mange flyklta til Uganda.

I kortare trekk vart denne ideologien stadig tydelegare og den vart tilslutt heilt openlys, samstudnes som landsdekkjande radio var med paa aa spreie haldningae paa lufta. utsiane vart dehumanisert, kalla kakarlakkar og betrakta som dumme, svikefulle og mindreverdige. Ved fleire anledingar vart smaa lommer med tutsiar masakrerte, alt i regia av sentrale personar i hutu styret.

Det som skjedde i tidleg paa niuttitalet er samansett og influkt, men i korte trekk vart folkemordet planlagt for aa bli kvitt skummet for alltid. Tidenes mest massive vaapen avtale vart inngaatt med Frankriket, og same nasjon var og med paa aa trene opp Interahamwe, ein slag Hitler jugend for Hutu ekstremistane.

I april 1994 var landet i borgarkrig daa tutsiflyktningar hadde samla seg i Uganda, danna Rwanda Patriotic Front, og gaatt til angrep paa regjeringshaeren. Denne borgarkrigen var bakgrunnen for at flyet til landets president, Habyarimana, vart skote ned. Dette var signalet hutuane venta paa, og mindre enn ein time etter at meldinga om at presidenten var doed var Kigali fyllt av vegsperringar, og Interahamwe gjekk i fraa doer til doer med lister over kven som var hutu og kven som var tutsi. Saa byrja dei aa dreppe. Flatt. Raat og raate, alt som kunne, eller ikkje kunne, krype eller gaa.

Mine reaksjonar
Det eg no har beskrive var det eg saag i froste delen av framstillinga paa senteret. Saa kom beskrivingane av det som foelgde. Eg fekk sjaa video snuttar med doede menneske, og dei var ikkje lagt i ei seng med atlatne augo, dei var skamformne paa dei mest brutale maatar. Andre snuttar viste born som fekk hjelp, problem: kakk i skallen. Brutalt. Daa eg saa flytta blikket ned og fekk sjaa klasmonteret med 'vaapena' i kom ei foerste taarene. Der var gevaer, greit nok, men der var og piler, morbide knivar, klubber, spadar, stein og oekser. Somme hadde til og med blitt gravlagde levande, det var tittelen paa ei lengd med rusta kjetting.

Kjenslene mine daa eg hoeyrde slektningar og verner som og var der grine hogt kan eg nok ikkje dekkje med ord. Plutseleg vart alt eg hadde lest om og tenkt at dette var faelt saa naert. Dette hadde hendt mor hennar, tanta hans eller soestera hennar. Fleire taarer kom, og eg svegde det eg var god for medan eg sat paa huk med hendene i haavudet.

Etter dette kom resten av historia, korleis FN og resten av verda svikta TOTALT! Eg kjende det daa, eg kjenner det naa, og kjem til aa kjenne det saa lenge eg kan tenkje klart, paa eit voldsomt og desperat raseri. Over at vi, mine kvite slektingar i nord, som kom inn aa henta ut sine eigne, ikkje gjorde noko, men og over at eg sjoelv ikkje kunne gjere noko meir enn det eg gjer no; aa bringe ordet vidare slik at det aldri, ALDRI skjer igjen. Vidare vart det saa forklart korleis RPF vann over den sittande regjeringa og tok over makta, noko som meir eller mindre markerte slutten paa masakrene.

Deretter kom eg inn i eit rom der ein fekk presentert konsekvensane. Bilete av ei som var drepen, io kaldt blod, og i somme tilfeller i fryd. Vegg etter vegg etter vegg etter vegg. Og ein stemme som leste opp namna paa alle som er registrert doede. 800 000 paa hundre dagar. Det mest effektive folkemordet i historia. I neste rom laag eit 'utval' hovudskallar. I kvart bidige kranie lyste vondskapen sopm hadde ramma ei. Somme var brista, andre mangla mindre delar medan andre igjen var toatalt moste. Ein kunne sjaa spora etter knivane, etter klubbene og spadane. Saa var nokre klede utstikt. Skitne, blodige og med merkjer etter doeden som hadde ramma eiaren. Igjen var taarene der, og dei kom endaa sterkare daa eg entra neste rom der det rulla eit intervju av dei etterlatte. Eg vart maallaus og maatte ta telling. Dette er noko som verkeleg har skjedd, som har ramma ufatteleg mange menneske. Og det er uendeleg viktig at folk faar vite om det slik at det ikkje kan skje igjen.

I etasjen over var ei eiga avdeling dedikert til born. Igjen kom taarene. Enkelt var det lista opp namn, alder, bestevenn, favorittmat, hobby o.l. og saa; maaten dei var drepne paa. Hakka i hjel av mor av di far var tutsi. Skutt i hovudet. Sprengt i alg med 3000 andre i ei kyrkje. Begravd levande. Bloedde i hjel etter knivhogg.

Eg er tom for ord. Og dette er berre byrjinga paa det eg vil laere om folkemordet som tok livet av 800 000 menneske paa hudre dagar seinvaaren 1994.

Kibuye

- Morahô.

- Yego.

- Amakoro.

- Imeza

- Yego.

Helsinga byrjar aa sitje, folk smilar medan eg gaar forbi og nyttar desse frasene. Vi gaar same veg. Ser dei same tinga. For dei er dette ein vanleg tirsdag, for meg er alt nytt. Alle butikkane er stengde, dei opnar ikkje foer tolv. Folk ha paa seg finstasen. Her i Kibuye skjer dette to gonger i veka. Dette er berre ein av dei utallege konsekvensane av det som skjedde vaaren 1994. To gonger i veka er det gacaca her i Kibuye, byen der det det mest groteske foeregjekk faade i kvantitet og kvalitet om ein kan seie det slik. Gacaca er den ein tilpassing av det tradisjonelle rettssystemet. Domsstolen er seks lokale respekterte mennesker i fraa byen.

No sit vi paa tribunen, same staden som dei i helgene ser det lokale laget Kibuye FC kjempe om ein plass paa den oevre halvdelen av tabellen i den nasjonale toppserine i fotball. Ingen bilete. Ingen notater. Av med capsen. Men det er greit at eg sit og observerar. Tribunen fyllest, det naermar seg sikekrt 400, utan at eg tel. Etter ei lita stund kjem Innocnet aa set seg ved sida. Det var han eg tala med foer eg gjekk inn. Han byrjar aa forklare meg kva dette gaar i, det gaar i baade engelsk og fransk. Alle som er tilstades kan kome med sine historiar og foklaringar, det er berre til aa halde opp handa. Saa reisar alle seg. Domstolen kjem inn og set seg. Vi set oss.

Dagens agenda blir lagt fram og vitnene etterlyst. 1 av tre er der. Panelet tek pausee for aa vurdere om saken kan gaa vidare. Det blir murring paa tribunen. Innocent fortel at alle vitnene faar brev inkalling i brevsform, men desse kjem ikkje alltid fram av di folk har flytta. Saa byrjar han aa fortelje om seg sjoelve. Han er 25 aar, og eineborn. Det er uvanleg i afrika, men ikkje i Rwanda. Dei var ni i familien. Alle som ein vart slegne i hjelp. Sjoelv levde han i konstant frykt i tre maanader daa han, saman med somme andre, gjoemde seg i skogen. Saa reisar alle seg igjen, for saa aa setje seg. Dei tiltalte staar fram. Ein ;ann i tredveaara, tiltala for drap paa to born og ytterlegare to drapsforsoek. Ei kvinne tiltala for tysting. Ein mann som er naerare femti tiltala for organisering av dei lokale massakrene. Dommarane gaar ut igjen. Igjen aukar murringa.

Innovcent fortel meir om opphaldet i skogen. Dei spiste det de ifann og om kveldane oppsoekte dei landsbyar og fekk tak i litt kjoet der. Han derg opp buksebeinet. Han har ikkje kunne drive med idrett dei siste 14 aara, foten er tydeleg perga av at det er blitt ramma av granatsplinter. Eg ytrykkjer empati i den grad det gaar an i ein slik situasjon og med mitt mildt sagt begrensa ordforraad. Han dreg opp skjorta. Ei treng han aa fortelje kva som har skjedd. Ei kule har truffe han bakifraa. Den traff hann i sia, inn her og ut der seier han. Flaks seier eg. Ja seier han, Gud er god. Alle reiser seg igjen. To drap og to drapsforsoek er verd 30 aar i fengsel. Minus dei ni han allereie har sona. Kvninna blir frikjent, ho har vore fenglsa i fire aar utan aa vaere skuldig. FOr organisering faar mannen paa over femti tre aar. Minus dei fem han har tilbragt bak laas og slaa. Saa byrjar folk aa le, heile tribunen. Innocent forklarar at eit av dei fraavaerande vitnene er kome, men fior seint. Det blir straffa med 24 timar i fengsel. Slik blir det rydda opp etter folkemordet. To gonger i veka her i Kibuye. Som om dette ikkje er ei paaminning nok ser ein menneske med arr i hovudet, paa armar og bein. Somme av desse skyldes heilt klart tilhoeve som ikkje er relaterte til folkemordet, men mangen er direkte konsekvensar. Og saa er det minnesnerka. I sentrum er det to. Over 10 000 i ei massegrav like ved stadion. 11 400 like ved der eg bur. Og rundt Kibuye er det mange minnesmerker. Korleis tekjer folk i Kibuye om fortid og framtida? Ein to leirar. Dei som seier dette er eit tilbakelagt stadium og dei som er bittre. Innocent er ein av dei som er bittere. Og det forstaar eg. Han blir sint naar han ser dei som drap familien sin gaa i gata. Det hadde eg og blitt. Men eg maa leve med det seier innocent. Det har han rett i tenkjer eg, han har ikkje noko val. Ein bodaboda sjaafoer eg talar ;ed seinare paa kvelden er oppgitt over gacacasystemt. 30 aar! Kan du tenkjer deg! 30 aar!? Han er oppgitt. Det anar meg at han er Hutu, trass i at han ikkje seier det. Alle veit kva dei er, trass i at det er no-go aa tale om det. Og dette er dilemmaet landet slit med har eg kome fram til. ein kan ikkje jobbe framover uten aa kjenne til fortida. Men desse skiljene er jo rota til problemet, dei maa gloeymast. Likevel vil born i alle generasjonar framover under seg over kva dei er, hutu eller tutsi, naar dei les historieboekene. Haapet maa vaere at ein ikkje let dette perge kvardagen, at ingen nyttar det i piolitisk maktspel.

torsdag, oktober 11, 2007

Massiv takling

Dette må være å definere 'manndomstakling'...

mandag, august 06, 2007

Aquafina

Eg er paa tur. Eg fortel litt om det her .


http://travelblog.org/Bloggers/Letapaka/

onsdag, juli 11, 2007

GlobalRichList

Oioioi. Dette var fascinerande og oppsiktsvekkjande. Eg veit vi er velståande, eg veit vi har til salt i grauten, men denne finurlege kalkulatoren set alt i eit mykje større perspektiv. Det heile forutset sjølvsagt at kalkulatoren er korrekt, noko eg med mine begrensa matte eigenskapar og relativ grunne kjelde til kunne ikkje har forutsetnadar til å gjera.

Kalkulatoren hevdar at:
...dersom du tenar omlag 300 000 kroner i året er du blandt dei 0.98% rikaste personane i verda.

... dersom eg som student får inn omlag 100 000 i året på konto (lån, stipend og sumarjobb) gjer dette meg til blandt dei 12,5% rikaste i verda.

Korleis ligg du an? Smellrik du og eller? Tenkte meg det ja!

(Slik du med å rekne om kroner til pund eller dollar kan du nytte denne lenkja)

onsdag, juni 20, 2007

MP3-spelar

Eg ser meg om etter ein brukt MP3-spelar, med minimum 1 GB kapasitet. Har du ein du vil selge så ta gjerne kontakt, eller legg igjen kommentar.